Den digitale skule – kva skjer hjå deg?

Posta februar 7, 2007 av smalahove
Kategoriar: Uncategorized

Her på Opplæringsavdelinga har vi no revidert visjon og målsettingar, sjå oppslag under.

På neste møte i Opplærings- og helseutvalet den 13. februar skal det sak opp om «Den digitale skolen».  Denne finn du i slutten av veka på internett under politiske saker.  Her er planane for berbare pc’ar lagt fram.

Den 16. februar skal vi ha seksjonsmøte i skuleseksjonen og då skal det vera opplæring på It’s learning.  Dette ser vi fram til.  Kjetil Brathetland skal vera lærar.

Kor langt er du komen med opplæring? 

Kva tykkjer kollegiet ditt om visjon og målsetting for skulen framover?

Korleis går det med IKT-strategiplanen?

Vi vonar de hugsar på å ta med elevane i planleggingsarbeidet.

Beste helsing

Inger Øvsthus Tønder

Visjon og tiltak/mål for «den digitale skole»

Posta januar 17, 2007 av smalahove
Kategoriar: Uncategorized

Revidert versjon 07.02.07


Oppgåve frå prof. Arne Krokan:

Lag en prioritert liste over tiltak du vil gjennomføre i egen organisasjon. Den skal inneholde 5 tiltak på kort sikt (gjennomføres første halvår), 5 tiltak på mellomlang sikt (startes i løpet av 1-2 år) og 5 mer langsiktige tiltak. 

Kunnskapsløftet er den nasjonale reforma som er retningsgivande for vår verksemd i dag. I tillegg til denne reforma er det viktig å ha ein regional og lokal formeining om kva vi vil med skolen. I det følgjande skisserer vi opp eit forslag (eller fleire) til korleis visjon og tiltak/mål kan sjå ut frå Opplæringsavdelinga sitt ståstad. Vi vil gjerne ha kommentarar på dette, her er ingenting fastlagt enno.

Vi håper dette kan vera ein prosess mellom Opplæringsavdelinga og skolane, der begge partar finn brukbare målsettingar. Her er eit døme til visjon  

 Visjon:

Dei vidaregåande skolane i Hordaland skal være lærande regionale kraftsentra. Igjennom bruk av kommunikasjonsteknologi skal vi oppnå auka læringsutbytte for den enkelte. 

Mål/tiltak for ”den digitale skole”

I det fylgjande er det ikkje gjort greie for korleis ein skal måla resultatoppnåinga. Det er forsøkt til ein viss grad å setja opp målbare tiltak, slik at det vil vera mogleg å måla resultata. Kommenter gjerne kva tiltak/mål og kva måte å måla dette på som vil vera aktuelt for din skole.

Fyrste halvår (–bli kjent med kva som er mogleg-fasen) : 

Opplæringsavdelinga:

Heile personalet inkl. OT/PPT vert oppdatert om kva «den digitale skole» er og korleis denne får innverknad på oppfølginga frå Oppl.avd

  • Prosjektorganisering av arbeidet med innføring av den digitale skole.
  • Alle tek i bruk It’s Learning på Oppl.avd. på område der det er naudsynt.

Skolane:

  • Alle skolar satsar på undervisning med digitale verktøy, spesielt på vg1 og vg2 nivå.
  • Skolane vel satsingsområde (pedagogisk  – kva vert mogleg med dei nye digitale verktøya)

Skoleadministrasjonane:

  • Nyttar aktivt Episerver til å informera om skolen utad. Elles har rektor og prosjektleiar for satsinga på IKT ved skolen opprett kvar sin blogg som kan verta leste og kommentert av dei som ønskjer det (opne  system).

  • Til internt bruk som eit intranet (lukka system), vert It’s Learning nytta på alle skolane.

Informasjon på papir vert ikkje lengre utdelt – all informasjonsdeling internt ligg no på It’s Learning.

  • Vel samarbeidsskolar i HFK i høve til satsingsområde. Satsinga fører også til tettare pedagogisk dialog med Oppl.avd.
  • Iverkset minst eit prosjekt i høve til internasjonalisering (eTwinning osv)

Lærarane:

  • Alle lærarar (90%) vert aktive brukarar av It’s Learning
  • Alle lærarar vert aktive brukarar av Skolearena
  • Alle lærarar deltek på kurs – vert sertifisert i høve til bruk av digitale verktøy i undervisning
  • 80% av lærarar som har fag det er digitale læringsressurser til, nyttar desse (i kombinasjon med tilgjengelege lærebøker)
  • Lærarane skal ha ei formeining om kva digital kompetanse kan nyttast innan eit halvt år.

Elevane:

  • Alle elevar på vg1 skal aktivt nytta berbare pc’ar i læringsarbeidet
  • Alle elevar på vg2 skal ha eit tilbod om å nytta digitale verktøy på skolane
  • Elevar på vg1 og vg2 nyttar alle tilgjengeleg digitale læremiddel
  • Alle elevar på vg1 og vg2 får kurs i It’s Learning og vert aktive brukarar av læringsplattforma
  • 50% av elevane på vg1 og vg2 er engasjert i å utvikla nye læremiddel – via ulike verktøy (til dømes Wiki)

Mål etter 2 år:

Opplæringsavdelinga:

  • Kommunikasjon og samhandling med skolane skjer mykje via ulike IKT-verktøy, som personalet nyttar aktivt.
  • Digital skole og ny organisering mellom Oppl.avd. og skolane har ført til ein tettare dialog i høve til pedagogisk nybrottsarbeid

Skolane:

  • Er godt i gang med å bruka ulike ikt-verktøy i alle fag. Skolane vel verktøy etter behov.
  • Er spesialisert innan ein (evt. fleire) type metodikk for å nå pedagogiske målsettingar og kan gå inn i eit større prosjekt

Skoleadministrasjonane:

  • Nyttar aktivt opne verktøy i høve til marknadsføring av tilbodet ved skolen og informasjon utad. Film/interaktive opplegg er populært, og dei offisielle bloggane til skolen.
  • Intranettet/It’s Learning vert nytta i høg grad på skolen, men også mellom skolen og føresette/ organisasjonar/næringsliv/skolar i utlandet osv

Dei digitale verktøya er med på å laga skolane til læringssentra i lokalsamfunna

  • Skolane har god kontakt med 1-2 skolar utanfor Norge, og nyttar mellom anna ikt-verktøy for å vidareutvikla dette samarbeidet.

Lærarane:

  • Nyttar aktivt It’s Learning/Skolearena, meir fokusert på læringsarbeidet
  • Er stadig på utkikk etter betre læringsressurser – 100% seier dei ikkje er gode nok enno (men mykje betre enn dei gamle lærebøkene til dagens bruk)
  • 100% meiner at på tross av problem i utgangspunktet ved lanseringa av ”den digitale skole” så er digital kompetanse ein naudsynt kompetanse for samtida og framtida
  • 70% av lærarane er meir motiverte for læringsarbeidet enn tidlegare
  • 40% av lærarane kan tenkja seg å delta i ulike prosjekt innan læring og IKT eller utvikla læremiddel (og i lag med elevar)

Elevane:

  • Alle elevar er aktive på berbare pc på skolen og heime/andre stadar
  • 50 % av elevane vil heller vera med å utvikla læremiddel sjølve enn å nytta innkjøpte då dei  synast at desse er kjedelege
  • Elevane vert i aukande grad kritisk til kva undervisninga inneheld – 60/70% er klåre for å setja eigne mål for undervisninga.

Langsiktige mål: 

Opplæringsavdelinga:

  • Personalet legg til rette for mobil læring og ulike prosjekt med tilknyting til Hordaland.
  • Personalet har digital kompetanse

Skolane:

  • Skolane er lærande organisasjonar som er i forkant av utvikling vi elles ser i samfunnet

  • Samarbeider godt med skolar/utdanningsinstitusjonar/ på ulike nivå,  i inn- og utland.

  • Skolane er sentrum for læring, men fasiliterer også læring andre stadar i samarbeid med ulike organisasjonar og næringsliv.

Skoleadministrasjonane:

  • Samarbeider tett med kvarandre og Oppl.avd, mellom anna via ulike ikt-verktøy
  • Legg opp til ein individuell læringsstil for alle elevar, kor også samarbeid med andre skolar/utdanningsinstitusjonar er viktig
  • Koordinerer læringsarbeid/prosjekt med utdanningsinst, organisasjonar og næringsliv
  • Legg opp til elevmedverknad i drifta av skolen og vidareutvikling av læringsarbeidet
  • Har sett av tid/ressursar til å tenkja nytt innan læring

Lærarane:

  • Har digital kompetanse
  • 90% er aktive i høve til å vidareutvikla verktøy/innhaldsprodukt på ulike nivå i tillegg til å undervisa

  • Tenkjer normalt ikkje over at dei nyttar digitale verktøy i undervisninga – dei inngår heilt naturleg i undervisninga når behovet melder seg

  • Er opptatt av å vidareføra forskartrong hos den einskilte elev ved å leggja mest mogleg til rette individuelt for elevane (ekskluderer ikkje arbeid i til dømes grupper). I denne samanheng hjelper lærarane alle elevar å laga eigne mål for læring i ulike fag – og felles målsettingar ved behov.

  • Nyttar aktivt kontakt med omverda som resulterer i meir besøk frå andre utdanningsorg, organisasjonar og næringsliv – også frå utlandet – til styrking av læringsarbeidet generelt

  • Har sett av tid til kursing/oppdatering/delta i prosjekt

Elevane:

  • Er i ein læringssituasjon kor digital kompetanse kjem naturleg inn i læringsarbeidet
  • Alle elevar er med på å vidareutvikle ulike verktøy/innhald brukt i undervisninga
  • Alle elevar er med på å formulera eigne læringsmål i dei ulike faga
  • Alle elevar skal i løpet av vidaregåande medverka til prosjekt/læringsopplegg som kan inkludera institusjonar/organisasjonar/næringsliv osv for slik å knytta teori nærmare opp til praksis. Mykje av læringsarbeidet skjer utanfor skolen.
  • Elevane vert vurdert mykje ut ifrå eigeninnsats og resultat basert på læringsmål sett av elev(ar) og lærar i samarbeid i dei ulike faga

  • Elevane fører opp kor mykje tid dei har brukt på skolen, eit minstemål må til mellom anna for å sikra elvane si sosiale danning

 Håper de alle kan gi innspel til desse tankane rundt visjon og tiltak/mål – dette er som tidlegare nemnd ein prosess vi kjem til å nytta mykje tid på no i vinter. Involver gjerne pesonalet på skolane i høve til formulering av eigne tiltak/mål og visjon. Og ikkje gløym elevane i prosessen då dei kan ha mykje nyttig å koma med.


 

Med vennleg helsing

Inger Øvsthus-Tønder 

Visjon og målsettingar for skolane i HFK

Posta desember 14, 2006 av smalahove
Kategoriar: Uncategorized

Takk for sist på samlinga om IT-strategi den 12. og 13. desember 2006!Det var kjekt å høyra at deltakarane tykte samlinga var nyttig og lærerik.

 fra-salen1.jpg

Vi på Opplæringsavdelinga vil no fokusera på arbeidet med å laga visjonar og mål for IT-strategien.  I dette arbeidet vil vi gjerne få i gang ein diskusjon på bloggen om kva som skal vera våre mål og visjonar. Dette er også viktig for skulane sitt arbeid framover.

Så til eit par andre viktige moment i satsinga på «den digitale skole»:

  •  Læremidler – 27 mill kr til Vg2, korleis skal desse brukast? Bøker eller digitalt innhald?

Høyringsfråsegn vi har fått frå Kunnskapsdep. skal svarast i januar 2007 (sjå http://odin.dep.no/filarkiv/298684/200607592_horingsnotat.pdf ). Der står det tydeleg at fylkeskommunen ikkje kan kreva delfinansiering av føresette/elevar til pc’ar. Dette gjør at vi må vurdera på nytt om vi skal pålegga alle Vg1 elevane å ha berbare pc’ar til skulestart 2007. Det kjem ikkje ekstra midler frå KD i høve til pc’ar, slik at vi må dersom høyringa går gjennom slik den no er skissert, vurdera omfanget av satsinga. Dette kjem også opp som politisk sak i januar til Helse- og opplæringsutvalet.

Omfanget av satsinga vil få konsekvensar for kva type læremiddel som vert kjøpt inn. Eller kva meiner de?

  • Det er ikkje avklart om og eventuelt kor mykje fylkeskommunane får av dei 50 mill kr som er avsett til digitale læremiddel av KD.

I kva grad det vert satsa på utvikling/kjøp av digitalt innhald – og i høve til midlene som no kjem over tre år (27 mill i år) – er avhengig av at vi får etablert eit skikkeleg nasjonalt produksjonsmiljø for digitalt innhald. 

For å kunna vurdera kva vi kan gjera framover har vi mellom anna sendt eit brev til skulane der vi ber om oversikt over stoda når det gjeld datamaskinar.  Svara som kjem er viktige for at vi skal kunna kartleggja mogleg omfang av satsinga på «den digitale skole» til hausten 2007.

Vi fortset med å planleggja bruk av IKT-verktøy i skolen som planlagt, då dette vert viktig uansett framover. Dei momenta som er nemnde her er fyrst og ramst noko som har innverknad på tempoet i satsinga, og då spesielt for hausten 2007.

Til vår fordel er at alle skolar i HFK vil mellom anna ha ein IKT-strategi til hausten 2007, alle vil ha trådlause nett og 100 MB breribandstilknyting, ein del utstyr er på plass, og vi har eit tilbod på ulike verktøy og tenester på Skoleportalen.

Så vi er tross alt godt i gang med denne satsinga – så får vi også håpa at våre regionale politikarar hjelper oss vidare i januar.

 Lykke til med bloggane  – og lykke til med å inkludera elevar og lærarar i arbeidet med IKT-strategien  (hugs at elevane kan dette med blogging..)!